Aktivitetar

På Strynsvatn Camping prøvar vi å aktivisere gjestene våre.
I tillegg til dei rikhaldige turistattraksjonane i nærmiljøet,
vil vi presentere eit best mogeleg tilbod så DU trivst hjå oss.


SandvolleyballSandvolleyball/Ballspel
Her finn du ei fin opparbeidd sandvolleybane som alltid er populær.
Dette aktiviserar heile familien!
Om du ikkje likar å slå ballen, prøv sand-fotball,
fotball-tennis eller badminton på sandvolleybana.
Her er også rikeleg plass til badminton, fotball og andre ballspel på grasplenen.


Leikeplass
Aktivitetar for dei yngste! Spreidd over heile området, nær dei fleste hytter og oppstillingsplassar finn du reie/huske -stativ, sandkasser, innhegning med husdyr, vippedyr mm. Vi har og 2 store trampoliner til bruk for både små og store!
LeikeplassTrampoline


Strynevatnet
Her ligg den største leikeplassen i areal! I fjøra til Strynsvatn Camping har vi opparbeidd badeplass. Her er stupebrett og flytebrygge. Vatnet er reint og forfriskande brevatn, ofte turkis på farge. Hopp i det! Du kan også leige båt eller kano (og redningsvestar) hjå oss. Om du vi prøve fiskelykka sel vi også fiskekort. Alt til fornuftige prisar. Når kvelden så sig på, vel mange å ta grillkosen i fjøra. No har vi også bygd ein grillpaviljong i vakker naturstein.
BadeplassFisking


Turstiar
Frå campingplassen har vi bygt veg ca. 2 km oppover lia.
Vidare er der oppmerka sti til Melands setra ( 500m.o.h.), ca. 1 times gange frå campingplassen og vidare opp mot tregrensa. Her frå kan de ta turen vidare mot høge fjelltoppar og isbre. Melandsfjellet ligg 1000 m.o.h, og for dei spreke vil vi anbefale Storskrefjellet 1814 m.o.h. Naturen og utsikta er fantastisk og er veret i godlune, får de ein tur de vil hugse lenge.
Ut på turUt på turUt på tur