Attraksjonar

Strynsvatn Camping er eit glimrande utgangspunkt for mange attraksjonar i nærområdet.

Stryn SommarskiStryn Sommerskisenter
Ein av dei mest populære attraksjonane i Stryn.
Enten du er alpinist-, telemark-, snowboard-, fristil- eller langrenns-entusiast: på Stryn Sommerskisenter kan du oppleve den unike skiopplevelsen sommarsnøen gjev. Sommarskisenteret kan tilby ein av verdens beste sommarsnø, to heisar, skiutleige, skiskule og mykje meir.
Sommarskisenteret ligg ved Gamle Strynefjellsvegen, 35 kilometer aust for Strynsvatn Camping.


Jostedalsbreen NasjonalparksenterJostedalsbreen Nasjonalparksenter
Jostedalsbreen er den største fastlandsbreen i Europa. Jostedalsbreen Nasjonalpark har ei enorm spennvidde i natur; frå edellauvskog og lavland til høgfjell og isbre. Jostedalsbreen utgjer omlag halvparten av arealet til nasjonalparken.
Nasjonalparksenteret ligg i Oppstryn, om lag 10 kilometer øst frå Strynsvatn Camping. Av tilbud kan vi nemne panoramafilm om nasjonalparken, breutstillingar, villblomsterhage, natur og kulturstiar.


BriksdalsbreenBriksdalsbreen
Lengst inne i Oldedalen ligg Briksdalsbreen, ein av dei mest besøkte turistattraksjonane i Norge. Briksdalsbreen er den mest berømte av dei mange brearmane til Jostedalsbreen. Briksdalsbreen ligg 55 km frå Strynsvatn Camping.
Du kan enten gå eller leige hesteskyss til breen. Turen er på 2.5 kilometer, og tar ca 45 minutt å gå. Briksdalsbre Fjellstove er eit godt utgangspunkt for ein tur til breen. Her er parkeringsplass, restaurant og souvenirbutikk.


KjenndalsbreenKjenndalsbreen
Kjenndalsbreen ligg lengst inne i Loendalen, og er den lågaste brearmen til Jostedalsbreen. Frå parkeringsplassen er det ca 10-15 minutt å gå til breen. I sommarsesongen går det båtrute mellom Sande og kafeen Kjenndalsstova. Frå Kjenndalsstova går det buss vidare til Kjenndalsbreen.
Kjenndalsbreen ligg 37 kilometer frå Strynsvatn Camping. Turen gjennom Lodalen er ein stor naturopplevelse. Loenvatnet, høge fjell, Kjenndalsbreen og den vakre naturen gjer dette til ein opplevelse du aldri vil gløyme.


GeirangerGeiranger
Den djupblå fjorden, fagre fossar, stupbratte fjellsider og snøkledde fjelltoppar gjer Geiranger til ei av dei vakraste perlene i Fjord-Norge. Bli med på fjord sightseeing, eller ta turen til Dalsnibba, Ørnesvingen eller Flydalsjuvet for å oppleve vill natur, hårnålssvingar og den fantastiske utsikta over Geirangerfjorden.
Geiranger ligg 90 km frå Strynsvatn Camping. Rundturen Strynsvatn Camping – Geiranger – Hellesylt – Strynsvatn Camping er ein flott dagstur. Ved å ta ferja mellom Geiranger og Hellesylt får du sett heile fjorden, med alle fjell, fossar og fråflytta fjellgardar.


Vestkapp - ©Terje Rakke/Nordic Life AS/Fjord NorwayVestkapp
Vestkapp ligg 496 m.o.h, og er norges vestlegaste utsiktspunkt med fastlandsforbindelse. Fjellklippa er nesten flat på toppen og stuper bratt ned i havet. Ta ein tur innom Vestkapphuset for ein kopp kaffe medan du nyt panoramautsikta. Vestkapp ligg i Selje kommune, ca 145 km frå Strynsvatn Camping.