Fasilitetar

Vi kan tilby eit stort utval av fasilitetar til våre gjester.

KioskKiosk
Kiosken er i resepsjonsbygget, og er open frå 8.00 til 22.00 heile sommaren. I tillegg til vanlege kioskvarer har vi litt daglegvarer som mjølk, ferske brød, pålegg o.l.


KafêKafê
Kafeen som ligg i resepsjonsbygget er eit koseleg og triveleg lokale, kombinert med peisestove, kabel TV og utstilling av utstoppa dyr. Her kan de få kjøpe kaffi, kaker, pizza o.l. Frukostservering til grupper på bestilling (opp til 50 personar). Her er de alltid velkomne anten de vil kjøpe noko eller berre slappe av.


GrillpaviljongGrillpaviljong
I den nye grillpaviljongen ved vatnet kan du grille og kose deg! Her er ein stor grill, sitjeplassar for 10-20 personar og fantastisk utsikt av Strynevatnet.


ServicebyggServicebygg
Sauna: Her kan du slappe av etter ein lang dag i skibakken. Saunaen er open kvar kveld. Om du vil ha saunaen for deg sjølv, kan du tinge time i resepsjonen.
Solarium: Uheldig med veret? Fortvil ikkje, i solariumet kan du få den brunfargen du lengtar etter.
Vaskerom:Her er ei vaskemaskin og ein tørketrommel. Polettar kan kjøpast i resepsjonen.
Kjøkken:Her er oppvaskbenkar, kokeplater og sitjeplassar. Dette er eit tilbod spesielt for teltturistane våre.
Stellerom/Handicap-rom: Tilgang til dusj og WC for funksjonshemma. Her er og tillaga stelleplass for barn.