Velkomen til Stryn!

Stryn KommunevåpenStryn kommune ligg ved enden av Nordfjorden -ei vakker kommune der fjord møter brear og fjell. Folketalet er ca. 6700 med omlag 3000 busette i kommunesenteret i Stryn. Jordbruk, skogbruk, fruktdyrking, småindustri, byggjeverksemd, turisme og andre servicenæringar er viktigaste levevegane i Stryn kommune.

Fleire bygdelag
Stryn består av fleire bygdelag. Lengst inne i fjorden markerar Loen, Olden og Stryn tre praktfulle dalføre som går til norvest-kanten av Jostedalsbreen. På nordsida av fjorden ligg Markane med sitt Austlands liknande skogsterreng og Panoramavegen mot vest. På andre sida av fjorden finn du dei opne, vakre jordbruksbygdene Innvik og Utvik.

Tradisjon for turisme
Fagre Stryn har vertskapstradisjonar som går over 100 år tilbake i tid. Engelske laksefiskarar var dei første turistane på 1860 talet. På slutten av førre århundre kom turisthotella og cruisebåtane, og det å ta imot gjester vart etter kvart ei næring. I dag er turisme ei av dei viktigaste næringane i Stryn kommune.

Briksdalsbreen
Den mest kjende attraksjonen i Stryn er Briksdalsbreen. Gjester frå heile verda besøkjer årleg denne vakre brearma som ligg så vakkert til mellom brusande fossefall og høge fjelltoppar.

Lodalen
Lodalen og Kjenndalsbreen er også ei oppleving du bør få med deg. Vakker natur og dalen si dramatiske historie gjer Lodalen spesiell. To gongar rasa steinblokker frå Ramnefjell ut i Lovatnet. Flodbølgene la bygdene Nesdal og Bødal øyde og 135 menneske misste livet. Årstala 1905 og 1936 vil for alltid minne folk i indre Nordfjord om Lodalsulukkene.

På ski året rundt!
I austre dalen av kommunen, langs den fantastiske Gamle Strynefjellsvegen (bygd 1894) finn du Stryn Sommarskisenter. Frå månadsskiftet mai/juni til byrjinga av oktober kan du stå på ski i Norges beste sommarskianlegg.

I desember er det vanlegvis skiføre på skianlegga rundt Stryn sentrum. Stryn Skisenter tilbyr varierte alpinløyper. Frå Ullsheim i Markane eller skisenteret i Stryn kan du gå i godt preparerte NM løyper i variert og vakkert terreng. Det er også fint skiterreng i Vangen-området på Nordsida.

Naturopplevingar
Fagre Stryn er eit av komponisten Per Bolstad sine mest kjende verk. Inspirasjonen til “Fagre Stryn” fekk Bolstad ein fin sommardag då han såg utover Strynevatnet frå Flo. På andre sida av vatnet ser ein bretunger frå Jostedalsbreen stikkande ned mellom sylkvasse tindar.

Stryn Sentrum – sydande stemning
Sommaren er livleg i Stryn Sentrum. På varme sommarkveldar er det ei stemning og eit folkeliv i Stryn som ein vanlegvis finn på sørlegare breiddegrader. Restaurantane har uteservering, levande musikk, kalde forfriskningar, god mat og sommarbrune, fornøgde gjester. Sommaren i Stryn må opplevast.

Sentrum har også eit godt tilbod til deg som vil handle. Butikkar i alle kategoriar kan by på gode sommartilbod – ofte på dei breie fortaua i Miljøgata.